Johannes Steinsland – leiar for motstandsarbeidet i Ytre Arna under krigen

Johannes Steinsland blei fødd 8. november 1915 i Samnanger. Han døydde i 1987, 71 år gamal.

Steinsland var under krigen med i Bjørn West kompani 4. og var ein av leiarane der.

Han blei arrestert 19. april 1943. Grunnen var kontakt med russiske krigsfangar. Fram til 4. mai satt han i Bergen kretsfengsel før han blei overført til Espeland Fangeleir.  

Steinsland leia det illegale arbeidet i Ytre Arna under krigen. I november 1944 gjennomførte Gestapo ein aksjon i Ytre Arna. Johannes kom seg over til Osterøy, der han og kona Marta var i dekning. Etter ei tid drog dei tilbake til fastlandet. Han var sabotør og dreiv opplæring i våpenbruk.

Johannes Steinsland var også ein av stiftarane av Arna Røde Kors Hjelpekorps.

Kona Marta Steinsland var også med i motstandsarbeidet.

Marta Steinsland var einaste kvinne i formannskapet i Arna kommune i løpet av dei åtte åra kommunen eksisterte.

Ho blei fødd 22. oktober 1918 i Ytre Arna og heite då Marta Bruvik. Ho døydde i 1986, 67 år gamal.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *