Bildetekst: Asbjørn Solberg og kona Brynhild Møllerup Solberg fotografert på juletrefest i Ljoshall 5. januar 2024. (Foto: Audun Stølås)
Asbjørn Solberg blei fødd i Indre Arna 4. september 1930. Han døydde 3. mars 2024, 93 år gamal. Foreldra var Magnus K. Solberg (1886-1965) og Anna Mjelde (1891-1975). Han hadde to eldre brør, Kåre Solberg (1916-1998) og Olav Solberg (1920-2002).
Asbjørns bestefar, Knut Solberg, flyttet frå Osterøy til Arna i 1896. Han starta ei smie, som Asbjørns far, Magnus, overtok. Kåre og Olav overtok denne verksemda i 1953 og kalla den «Brødrene K & O Solberg». Dei laga knivar fram til 1980.
Då Asbjørn var ferdig med realskulen, begynte han i NSB (som no heiter VY) og var der til han gjekk av med pensjon.
Asbjørn Solberg var politisk aktiv i Venstre og sat i tre ulike kommunestyre. Først var han vararepresentant i Haus kommunestyre. Så var han med i formannskapet og sosialstyret i dei åtte åra Arna kommunestyre eksisterte. Etter det var han med i Bergen bystyre. Han var aktiv i «Arna ut or Bergen» og i Samarbeidsutvalet for Indre Arna skule. Solberg gjorde også ein stor innsats i Bergen og Omland Friluftsråd gjennom 30 år.
Asbjørn Solberg fekk kulturprisen for Arna for året 2000 saman med Jørgen Eliassen.
- Som visevert og konferansier er han (Asbjørn Solberg) eit unikum, skreiv Mål og Miljø i 2001.
I 2020 blei Asbjørn Solberg utnevnt til æresmedlem i Arna Mållag for lang og trufast arbeid for laget og målsaka.
Legg igjen en kommentar