Anton Berge – Gullfjellskongen

Han blei født på Møre, men kom tidleg til Bergen. Der blei han aksjemeklar og var medlem av bystyret. I sine yngre år var han ein dugande turnar og svømmer og blei svømmeinstruktør.

Han blei svært oppteken av Gullfjellet. Det vanlege for turglade bergensarar var å ta toget til Trengereid stasjon, gå opp til Gullfjellstoppen og ned til Haukeland stasjon.

Berge opplevde under ein slik tur av ei kvinne blei stygt skada. Det tok lang tid å få laga ein båre og få gjennomført transporten ned frå fjellet. Denne transporten var også svært smertefull for kvinna. Denne hendinga var den direkte årsak til at Berge tok initiativ til at det blei bygd ei redningshytte på Gullfjellet, fortel Kjell Pedersen på nettstaden redningshytten.no

Hytta blei bygd i stein og var ferdig sommaren 1929.  Det viste seg snart at hytta var i minste laget. Det blei då bygd ei hytte til. Den var ferdig i 1936.

Anton Berge oppretta eit redningskorps som trådte til ved ulukker i fjellet, både i Gullfjellet og andre stader.

Den verste ulukke i Gullfjellet skjedde 15. april 2004. I tett tåke gjekk seks personar utfor stupet på toppen av fjellet. Fire av dei mista livet, mens to berga livet på mirakuløst vis.

Anton Berge fekk også reist 162 vardar på Gullfjellet.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *