Arild Hermstad blei fødd 15. oktober 1966. Han vaks opp i Stølsvegen og gjekk på Indre Arna skule. Han mista faren sin like etter at han var to år gamal. Mora blei då igjen åleine med forsørgeransvar for Arild og den fire år eldre søstera. Mora mottok enkepensjon ved sidan av jobben i Telenor.
Hermstad har fortalt til VG det tidsmessig var veldig tøft dei første åra. I denne situasjonen stilte Arna kommune opp. Folk var veldig hjelpsame, om det var barnepass eller andre ting.
Familien flytta mykje i oppveksten. Ei tid budde dei i Åsane. Der mora tidlegare hadde fått god hjelp i Arna, møtte familien no eit miljø i rask vekst. Fleire av barndomsvenene hans havna i rusmiljø.
Arild studerte ved Universitetet i Bergen og tok hovedfag i samfunnsgeografi. Han studerte økonomi i to år ved Norges Handelshøyskole (NHH).
Han var leiar i Framtiden i våre hender frå 2001 til 2017. Sidan 2013 har han vore styreleiar i Syklistenes Landsforening.
Frå 26. november 2022 har han vore leiar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Han var byråd for byutvikling i Oslo kommune ein periode i 2023. Tidegare har han jobba i bank, som brigadekoordinator i Latin-Amerika, med lokalt miljøarbeid i Bergen og i Raftostiftinga. Han bur no i Oslo med kone og to barn.
Legg igjen en kommentar