Kurt Nilsen held konsert. (Foto: Ernst Vikne/Wikimedia
Kurt blei fødd 29. september 1978. Han budde dei første åra av sitt liv i den lange bygningen i Nordstrandvegen i Ytre Arna og gjekk i barnehage hos Hinnas barneparkering ved kyrkja i Ytre Arna. Kurt har selv uttalt i eit intervju at første gong han opptrådte på ei scene, var i Ytre Arna kulturhus då barnehagen opptrådte.
Kurt deltok også på eit arrangement på Øyrane Torg under kulturdagane eit år.. Då sang han «Mustang Sally» blant anna. Dette var eit felles korpsarrangement for både skulekorps og voksenkorps i Arna.
I nokre år var han vokalist og rytmegitarist i bandet Fenrik Lane. Etter sigeren i verds-idol slutta han i bandet for å satsa på sin solo-karriere.
Han utdanna seg til røyrleggar og budde seinare i Brurastien på Gaupås til 2014.
I 2003 vann han den første utgaven av den norske talentkonkurransen Idol. Året etter vann han den første og einaste verds-idol-konkurransen som har vore arrangert.
Nilsen utga singlene «Shes’s So High» i 2003 og My Street i 2004 som blei kåra til Årets låt under Spelemannsprisen 2003 og Årets hit under Spelemannsprisen 2004. Han blei i 2004 kåret til Årets bergenser av Bergensavisen
I 2010 slapp han albumet «Have Yourself A Merry Little Christmas» og har siden det jobbet mest med julekonserter i november og desember
Etter nokre år på Austlandet bur Kurt Nilsen no i Steinsviken i Fana.
Legg igjen en kommentar