Arnfine Sigvesdatter Dommersnæs Førsund la ut på lang fjelltur som høggravid

Bryllupsbilde, Sveio 1909, av Sigurd og Arnfine Førsund, fødd Dommersnæs (1886-1966). Fotograf ukjend. Kilde: Arnfrid Mælands biletsamling.

Arnfine blei fødd på garden Ve i Etne 6. juni 1886 og døypt i Gjerde kirke i Etne 20. juni 1886. Ho var yngst av fem barn. Foreldra var Sigve Haakonsen Dommersnæs og Marta Arnfinnsdatter Svendsbø. Sigve var lærar, klokkar og kyrkjesongar i Etne då Arnfine blei fødd, men i 1888 flytta familien til Sveio. Arnfine ble konfirmert i Sveio i 1900.

Til Sveio kom der ein ung lærar. Som rimelig er blei Arnfine og han etter kvart godt kjente. Arnfines far var jo også lærar, kyrkesongar og klokkar. Den unge mannen var Sigurd Vamraak Olsen Førsund. Han var fødd på garden Førsund i Kyrkjebø i Sogn 20. september 1884 og døypt i Kyrkjebø kirke 28. september 1886. Foreldrene var Ole Bergesen Vamraak og Eli Bergesdatter Førsund. Ole var gardbrukar på Førsund. Sigurd blei konfirmert i Kyrkjebø i 1899. Sigurd går på Seminaret på Stord og blir uteksaminert som lærar i 1906. 27. september 1909 inngikk dei to ekteskap i Sveio kirke.

Sigurd var også komponist og mest kjend for å ha komponert musikken til «Å Vestland, Vestland». Sjå:

Sigurd hadde fått seg lærarjobb i Skjåk. Skoleåret var ikkje på så mange veker den gongen, om lag 6 veker haust og 6 uker vår. Dei har nok ankommet Skjåk i begynnelsen av oktober 1909. Som vanlig var blei Arnfine gravid denne vinteren, skriv barnebarnet Arnfrid Dommersnøs Mæland på bloggen Fjellsiden ©: Arnfine

http://fjellsiden.blogspot.com/search/label/Arnfine

Arnfrid fortel om ein fjelltur som framskunna fødselen til eldstebarnet deira, Solveig, som budde i Arna i mange år. Sjå:

Då sommaren kom, og Arnfine ennå ikkje hadde nådd termin, la dei ut over fjellet langs Jostedalsbreen frå Skjåk til Marifjøra i Sogn. Dei skulle etter planen først vere nokre dagar på Førsund i Kyrkjebø, og sidan dra vidare til Bergen og til Sveio. Då dei kom til Marifjøra merka nok Arnfine at turen over fjellet hadde medført at fødselen ville koma tidlegare enn først rekna med. Dei dro difor direkte til Bergen med dampskip fra Marifjøra. Båtturen tok omtrent 1 døgn med den sokalla «hurtigruta». Dersom de ikke kom seg med den ruten kan turen ha tatt 2 døgn. I Bergen overnatta dei ein natt på Vamraaks hotell, men allereie  neste dag dro dei vidare til Sveio. Datoen er no 28. august 1910.

Familien Førsund med førstefødde Solveig i lærarbustaden i Holmork i Sjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tid Førsund komponerte «Å Vestland, Vestland». Fotograf ukjend. Kilde: Arnfrid Mælands biletsamling.

Her skriv Arnfine sjølv om turen, som kunne endt dramatisk, i eit kort til søsteren i Sveio fleire år seinare:

‘Du tok i mot Solveig morgonen etter at eg var komen heim etter den lange reisa like frå Skjåk. Me gjekk over fjellet på nordsida av Galdhøpiggen like ned til Marifjøra ved Sognefjorden. Me gjekk i tre dagar, 13 mil, og låg på stølar dei to nettene. Me reiste frå Marifjøra til Bergen med båt. Me låg ei natt på Vamråks hotell. Så reiste me derfrå til Førde [Sveio] og så var me heime i 5-tida om kvelden. Solveig blei fødd i 5-6-tida morgonen etter. Du var heilt overgidde.

Arnfine og Sigurd budde fleire stader i landet; Skjåk, Hem, Stord, Sveio, Stjernarøy, Etne og Arna. Dei fekk tilsammen 10 barn. Ein gut, Sverre, fødd i januar 1917, døydde som spedbarn.

Arnfine døydde i 1966 og Sigurd i 1970. Dei blei begge gravlagt frå Arna kyrkje.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Arnfine Sigvesdatter Dommersnæs Førsund la ut på lang fjelltur som høggravid”

  1. […] Arnfine Sigvesdatter Dommersnæs Førsund la ut på lang fjelltur som høggravid […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *