Leiv Mjeldheim – historieprofessor, lærebokforfattar, journalist og vegnamnforfattar

Leiv Mjeldheim blei fødd 26. januar 1929 i Arna. Han døydde 12. oktober 2011. Han gjekk på Voss landsgymnas, tok magistergrada i statsvitskap i 1953. Mjeldheim var utanriksmedarbeider i Bergens Tidende frå 1955 til 1966. Han blei seinare tilbode stillinga som sjefredaktør i avisa, men valde historiefaget, akademia, studentane, undervisninga og forskinga.

Boka «Haus Selvhjelpskontor 1911-1961» utga han i 1961. Etter det kom historie om Haus Sparebank i 100-årsjubileet i 1966.

Han blei universitetslektor i historie frå 1966 ved Universitetet i Bergen. Frå 1975 til 1999 var han professr i historie med norsk politisk historie og partitilhøve. Hans hovudverk var tre ruvande bøker om partiet Venstre. Han var også oppteken av lokalhistoria til Arna. Han leia arbeidet i Arna bygdeboknemnd.

Han stod sentralt i NRK-serien «Norsk historie». Han publiserte på nynorsk.

Leiv Mjeldheim var leiar i ein kommunal nemnd som skulle finna namn på alle dei nye veganer som blei bygd i Arna på 1960- og 1970-talet.

To av Mjeldheim sine lærebøker kom i ei rekke opplag. Det var «Politiske prosessar og institusjonar» frå 1969 og «Det politiske system» frå 1971.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *