Mons Sletten var skulestyrar, organist og klokker. Han var fødd 19. desember 1868 på Myking i Lindås. Han kom til Fabrikkskulen i Ytre Arna som førstelærar i 1902. Han blei seinare styrar på skulen.
Sletten var også kyrkjesongar. Han skipa blandakoret «Vårvon» og var aktiv i fråhaldslaget og misjonsarbeidet. Han skipa Arna mjølkeutsal i kjellaren på Bedehuset. Han var formann i Arna folkeboksamling.
Mons Sletten innførte drikkefontener i alle klasserom på skulen. Han såg fort at den gamle ordninga med vassmugge og ein felles kopp som alle elevane drakk av, var reine smittefellene. Han tok patent på desse fontenene, som blei tekne i bruk på fleire skuler i Noreg.
Han la stor vekt på å gjera skuletimane så interessante som mogeleg for elevane Han utvikla nye læremiddel som han tok i bruk.
ANNONSØRINNHALD
Ebok Kr. 48
På det fredelige industristedet Ytre Arna begynner det å skje ting som bærer signaturen til terroristorganisasjonen IS.
- Sletten var oppteken av dei svake i samfunnet. Han møtte barna med varme og kjærleik. Han var flink med å få fram evnene hjå det einskilde barnet så godt som det let seg gjere, skreiv Robert M. Flatås i Mål og Miljø 2022.
På bileta ser Mons Sletten ofte alvorleg og streng ut. Men han var eit varmhjarta menneske som gjorde alt han kunne for å hjelpa dei som trong det, skreiv Robert M. Flatås.
Mons Sletten døydde i 1941.
Han fekk i 1971 ein veg i Ytre Arna oppkalla etter seg. Frå 1950 til 1971 heite denne vegen Markavegen..
Legg igjen en kommentar