Nils M. Arnetvedt – Kina-misjonær og den første formann og sekretær i Misjonssambandet

Nils Mikkelson Arnetvedt i 1927. Foto: Larm. Kjelde: Misjonstidende 27.6.1927

Nils Mikkelson Arnetvedt blei fødd 9. september 1846 som den yngste av 11 barn. Fem av barna døydde før dei var to år gamle.

Faren var Mikkel Knutson (1801-1893) og mora var Ågota Andreasdotter Romslo frå Romslo. Dei gifta seg i 1824.

Nils. M. Arnetvedt var den tredje av barna som fekk namnet Nils. Familien flytta ein del. Då Nils blei fødd budde familien i Indre Boga ved Sørfjorden i Vaksdal kommune. Då Nils var tre år gamal, i 1849,  flytta familien til Bjørgås i Evanger. Seinare flytta dei til Arnatveit og Hausvik på Osterøy.

Det var vanleg på den tida å ta namn etter kor ein budde. Lars Ådna skriv i Ætt og æle, ættarboka for Haus, at Mikkel ei tid kalla seg Bjørgås.

Nils tok lærarskulen på Stord i 1867. I åra 1868-76 var han i USA. Nils var ugift. Han var i fleire år lærar ved Søndre Bergenhus Amtskule i Mjeldalen og Kronengen skule i Bergen. Arnetvedt var aktiv i Indremisjonen og hadde leiande verv der.

Han var med på stiftinga av Det norske lutherske Kinamisjonsforbund i 1891 saman med mellom anna Johannes Brantzæg. Våren 1891 blei han den første formann og sekretær i forbundet, som seinare skifta namn til Misjonssambandet. Johannes Brandtzæg reiste til Kina som misjonær.

Etter eit år kom Brantzæg heim frå Kina. Branztzæg og Arnetved bytta då roller slik at Brantzæg blei formann og sekretær, medan Arrnetvedt reiste til Kina som tilsynsmann. På veg til Kina la han vegen om USA og blei ordinert 8. oktober 1893 av leiaren for ein norsk synode, H. A. Preus. Heimeleiinga i misjonen var ikkje orientert om dette.

Han var misjonær i Kina for Kinamisjonen til 1900

Dei første ti åra opplevde Kinamisjonen ein heftig strid om ordinasjon. Spørsmålet var om dei mannlege misjonærane skulle ordinerast av kyrkja slik prestane blir eller om det var nok at forbundsstyret vigsla dei. Da det blei vedteke at det siste alternativet skulle gjelda, mista Kinamisjonen halvparten av sine misjonærar.

I 1901 gjekk Arnetvedt ut av Kinamisjonen. Året etter blei han tilsynsmann for Kina-misjonærane til Det Norske Misjonsselskap. Han var misjonær i Kina for NMS til 1914.

Nils M.Arnetvedt døydde 10. september 1935, 89 år gamal. Han blei gravlagt på kyrkjegarden ved Haus kyrkje ved sida av sine foreldre.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *