Johannes Nævdal blei fødd 7. august 1922 i Ytre Arna. Han vaks opp på Hesthaugen. Johannes mista mor si i ung alder. Han har sjølv fortald at han blei godt tatt vare på av stemora Klara. Allereie då han var i 6. klasse arbeide han i fabrikken. Han arbeide også som dreng fleire stader.
Han blei gift med Brith i 1952 og bygde då hus på Sletta. Då det gjekk nedover med Arne Fabrikker såg han seg om etter ny jobb. Han blei då vaskerisjef på Haraldsplass sjukehus til han gjekk av som pensjonist i 1980.
Johannes Nævdal var ein aktiv pådrivar innan kultur- og foreiningsliv i Ytre Arna, og spesielt innan song og musikk. Han var medlem og leiar i Arna Mannskor. Men det var i Arne Musikforening han gjorde sin største innsats. I 60 år var han musikar, formann og reservedirigent i foreninga. Han var ofte på besøk på Ytre Arna skule og fortalte elevane om krigsåra i Ytre Arna.
Johannes var ein ivrig friluftsmann og var ofte på korte og lengre turar i skog og fjell. Han fekk medalje for å ha deltatt i Norhytte-marsjen 20 gonger.
Han skrev lokalhistorie. Johannes Nævdal fekk kulturprisen for Arna i 2015 og ga straks pengesummen som følgde med vidare til Arne Musikforening
- Det var slik vi kjente han, oppmerksam, raus, hjelpsam og med stor omtanke for andre, skreiv Magne Lien i Mål og Miljø 2022. Han var ein heidersmann og ein av dei store kultur- og historieformidlarane i Arna. Med sin formidlingsrolle var han ein som skapte varige verdiar av historia til heimstaden sin, Ytre Arna, skreiv Magne Lien.
Johannes Nævdal døydde 27. november 2020, 98 år gamal.
Legg igjen en kommentar