Kåre Unneland som ung soldat
Kåre Unneland blei fødd 21. mars 1926. Han vaks opp på Nilsgarden på Unneland som den nest yngste av ni søsken.
Oldeforeldra til Kåre – Gunhild og Sjur – kom i 1840 frå Romarheim og overtok hovedbruket på Unneland. Det hadde vore i eige til Munkeliv kloster fram til reformasjonen, då embetsfolk i Bergen overtok
Faren Anders var bonde og lærar i bygda. Kåre fekk ansvar tidleg i livet. Som gut var det hans jobb å mata grisane. Han sykla også rundt med aviser og fanga trast som han selte for 10 øre stykket til Rivelsrud i Kjøttbasaren.
Kåre var oppteken av at utdanning var nøkkelen til framgang i samfunnet og var sjølv ein av dei første i bygda som tok vidare utdanning, skreiv journalist Ronny Bertelsen i ein artikkel i Mål og Miljø 2021.
I 1950 gifta han seg med Aud Reidun Gundersen (Lillemor) og bryllupsreisa gjekk på motorsykkel til Paris. Dei flytta inn i den tidlegare tyske offisersbustaden på Kjebotn. Dei fekk barna Anders (fødd 1951), Ragnhild (fødd 1954) og Trond (fødd 1960)
Kåre var ein friluftsmann. Han gjekk ofte turar i Gullfjellet. Han kjende fjellet som sin eigen lomme og blei ofte brukt som kjentmann ved ulukker i fjellet eller når fjellklatrarar sat fast. Han gjorde ein stor innsats med å dokumentere stadsnamn på Gullfjellet og skeiv dei ned på kart. Dette leverte han til kommunen. Han var aktiv som jegar og fiskar. Han var også aktiv i Unneland Beitelag, starta bordtennisklubben og skreiv Unnelandssangen som blir framført kvar 17. mai på Unneland.
Kåre Unneland var norsk soldat i Tysklandsbrigaden etter krigen.
Han blei tilsett i landbruksbedrifta L.O.G. og blei etter kvart leiar i bedrifta.
Han skreiv mange artiklar i ulike aviser. I boka «Historiar frå eit langt liv» gjengav han mykje av det han hadde skrive. I den siste artikkelen han hadde på trykk i Bergens Tidende 30. januar 2021 skreiv han: «Det har vore ei eventyrleg reise for meg å få vera født i eit fattig land og nyta alderdomen i eit land i velstand og demokrati. Eg gler meg til kvar ny dag i dette vakre landet vårt».
Kåre Unneland fekk reist bautaen av krigshelten Eivind Viken på Unneland.
Han døydde 18. februar i 2021, 94 år gamal.
«Historiar frå eit langt liv» kan du lese her:
https://issuu.com/k-unnel/docs/historiar_fr___eit_langt_liv_av_-_a
Legg igjen en kommentar