Peder Johan Haldorsen arbeide på Janus-fabrikken frå starten og starta butikk arbeidarbustaden året etter.
Peder Johan Haldorsen blei fødd i Salhus i 1869. 25 år gamal kom han til Espeland for å få seg arbeid i den nybygde fabrikken. Året etter at fabrikken kom i gang, begynte Peder med butikk i bustaden som var satt opp for arbeidarane på fabrikken. Butikken hans var open nokre timer etter arbeidstid. Eit par år seinare bygde han privat bustad med plass til butikk.
ANNONSØRINNHALD
Ebok
Møkkasprederne
Kr. 49
En gruppe nynazister fra Tyskland lurer seg til å få leie lokaler i Espeland fangeleir. Handlingen foregår ellers i Janusfabrikken, i Krakow i Polen og ikke minst i Espelandshallen der bønder fra Langedalen setter tingene på plass.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/krimboker/mokkasprederne
Peder gifta seg med Oline i 1899. Ho var frå Sæbø på Radøy og hadde arbeid i Salhus. Fram til 1912 fekk dei fire barn: Haldor, Karoline, Olga og Nils.
Peder var også postopnar og han hadde telegraf. Han handla også med bensin, fortel barnebarnet Evelyn Haldorsen i Mål og Miljø.
Peder Johan Haldorsen dreiv også post og telegraf, og bensinstasjon.
Butikken, som berre blei kalla Peren, blei lagt ned i 1972.
Nils Haldorsen, son til Peder Johan Haldorsen, tok på seg å stelle russergrava på Arna kyrkjegard. Fem ukjente russiske krigsfangar blei avretta av tyskarane på Rolland. Levningane etter dei vart etter krigen flytta ned i vigsla jord på kyrkjegarden i Indre Arna. Nils la ned på grava deira krans med stor raud sløyfe kvar jul fram til 2000 . Han sa: Dei har sine i Russland som aldri kan heidra dei.
- I 1962 under Cuba-krisa var det dei som såg skeivt på han då han la ned kransen. Men det brydde ikkje pappa seg om. Han var ein mann som stod for sine meiningar. Då han ikkje lenger klarte å gå på gravplassen med krans vart oppgava mi, fortel dottera Evelyn Haldorsen.
Nils Haldorsen døydde vesle julaftan 2006.
Legg igjen en kommentar