Bjarne Befring – initiativtakar til Reppardalsvegen

Bjarne Befring reiste i 1976 saka om opprusting av den gamle stien til Reppardalen i bustad- og miljøutvalet, eit underutval i Bydelsutvalet. (Foto: Privat)

Bjarne Befring blei fødd i Stardalen i Jølster i Sunnfjord 11. juni 1922. Han kom til Arna som elev på målarlina på Statens Husindustriskule på Festtangen straks etter krigen. Han slo seg ned i Ytre Arna og arbeidde i 12 år hjå målarmeister Michelsen. Deretter blei han målar og vaktmeister på Orion hotell.

Han fekk kjøpt seg tomt i utmarka til prestegarden i Indre Arna og i 1965 flytta familien inn i eige hus der.

Befring sat i heradsstyret i Arna kommune for Arbeidarpartiet. Han var med i bygningsrådet og i skulestyret. Han var også leiar av Bydelsutvalet.

Befring var med i styret i Indre Arna Arbeiderpartilag. I 12 år var han med i styret for Arna Helseheim. Han var også med i styret i Arna og Åsane Samvirkelag.

Han utførte mykje dugnad på bygdemuseet Ådnatun, der han også var forteljar ved omvisningar. Befring var sekretær i Arna Sogelag og med i skriftstyret for kulturskriftet «Mål og Miljø».

Han var også med i Arna Hagelag. I ledige stunder sysla han med rosemåling og tredreiing.

I 1976 reiste Befring saka om opprusting av den gamle stien til Reppardalen i bustad- og miljøutvalet, eit underutval i Bydelsutvalet. Han fekk sjølv i oppdrag å arbeida vidare med saka. Fritidsavdelinga i Bergen kommune utarbeide fleire framlegg til traseval og storleik. Nokre grunneigarar ønsket andre trasear for å kunne nytta vegen som skogsveg. Dermed blei skogkontoret kopla inn. Landbruksnemnda lovde 110.000 kroner i stønad. I ein artikkel i Mål og Miljø skreiv Befring at det likevel var lokale  interesser som kosta mest i vegen. Med sal av andelsbrev, tilskot frå bedrifter, bydelsutvalet og dugnadarbeid har ein skaffa lokale midlar for over 180.000 kroner.

  • Bjarne Befring har gjennom heile livet vore ein aktiv og samfunnsorientert person. Vi som kjenner Bjarne personleg, har lært å setja pris på hans rolege og omgjengelege måte å vera på. Han stiller alltid opp, skreiv Ola Mykkeltveit i ein omtale i Bygdanytt i samband med hans 70-årsdag 11. juni 1992.

Bjarne Befring døydde i ei tragisk ulykke på heimegarden i Stardalen i Jølster 21. juli 2003. Han var då 81 år gamal. Saman med han mista to av hans søsken,  Johanna Tomine Befring (76) og Sverre J. Befring (78), livet i ei silogassulukke.

Bjarne var på ferie i heimbygda då ulukka skjedde. Dei to søskena hans hadde gått opp i siloen, truleg for å ordna noko på silopresset. Det blei då medvitslause av silogassen. Etter det drukna dei i vatnet i botnen av siloen. Bjarne fann dei to i siloen og gjekk for å slå alarm. Etter det sprang han tilbake til låven. Han klatra då ned i siloen på ein stige for å prøve å redde søsteren og brora. Dermed blei han det tredje offeret for silogassen.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *