Ragnvald Solberg blei fødd 21. mai 1897 på Osterøy. Han utdanna seg til møbelsnekkar. I 1922 fekk han låne til saman 6.500 kroner som skulle gå til reising av møbelfabrikk og bustadhus i Lonevåg. Fabrikken hadde 25-30 tilsette.
I 1941 brann møbelfabrikken ned. I åra 1941-1947 bygde han ny fabrikk på Arnatveit, Arna Bruk. Der var både møbelfabrikk og karosserifabrikk der det blei bygd bussar.
Bror hans, Gunnar Solberg, var utdanna karosserimakar og han bygde opp avdelinga som laga bussar. Den nye fabrikkbygninga stod ferdig i 1946. Det året blei det bygd fem bussar på Arna Bruk. Arna Bruk blei den nest største bussprodusent i Noreg.
Ragnvald gifta seg med Sofia Jakobsdatter Eide 22. april 1922 i Gjerstad.
Drifta på Arnatveit gjekk svært bra. På det meste er om lag 200 personar i arbeid i lokala til Arna Bruk.
Etter kvart kom det tøffe tider for møbelbransjen. I 1983 fusjonerte møbelselskapet med Nordås Industrier med produksjon på Nordås og lager og ekspedisjon i Arna. Seinare blei produksjonen flytta tilbake til Arnatveit, men møbelfabrikken gjekk konkurs i 1986.
Men også karosseriselskapet fekk vanskelege tider. Finanskrisa i slutten av 1980-åra førte til lågare etterspørsel. I åra framover blei produksjonen nesten halvert i høve til kapasiteten.
I 1995 selde Solberg-familien bedrifta til Bergen Bedriftsutviking. Men nedgangen held fram. I januar 1997 måtte 50 av dei 150 tilsette slutta i eit forsøk på å redde bedrifta. Men i mars går bedrifta konkurs. I mai 1997 kjøper Vest-Karosseri i Stryn konkursbuet for 2,5 millionar kroner.
I alt blei det produsert 4.300 bussar på Arna Bruk.
Barnebarnet til Ragnvald og Sofia, Synnøve Solberg, skriv i 2013-utgåva av «Osterøy i soge og samtid» om bestefaren sin forretningsfilosofi:
«Utviklinga måtte naturleg nok gå gjennom mange krokvegar, men som han sjølv sa: med ei blanding av lite vit, godt mot, sterk vilje, evne til å halda ut og 90 % prosent hell, vart resultatet tilfredsstillande.»
Ragnvald Solberg får gode ord frå sine medarbeidarar, skriv journalist Ronny Bertelsen i Bygdanytts nettutgåve 11. september 2020. Både Oddmund Mjelde, som skreiv om bedrifta i 2014-utgåva til Mål og Miljø, og Arne Mo jobba i leiinga i Arna Busser, fortel om ein flott arbeidsplass.
Oddmund Mjelde byrja for Solberg alt i 1967, og han fortel om 30 flotte år på Arnatveit.
– Ragnvald var ein fantastisk arbeidsgjevar. Han likte å ta seg ein runde for å helsa på og prata litt med dei tilsette. Han brydde seg, seier Mjelde.
Ragnvald Solberg døydde i 1986, nesten 90 år gamal.
Legg igjen en kommentar