Foto: Aasmund Mjeldheim kom med framlegget om at TV2 burde plasserast i Bergen. Foto: Privat
Aasmund Mjeldheim blei fødd 29. september 1936. Han døydde 18. november 2016.
Aasmund begynte som kulturkonsulent i Hordaland fylkeskommune i 1978. To år seinare blei han forfremma til fylkeskultursjef. Han bygde opp den nye kulturavdelinga i fylket.
- Det gjorde han med stor arbeidskapasitet og evne til samarbeid og samhandling med kommunar og kulturmiljø i fylket, sa fylkesmann Svein Alsaker då han 15. juni 2007 overrekte Kongens fortenestemedalje i gull til Mjeldheim.
Alsaker sa at Mjeldheim utførte sitt arbeid lågmælt og roleg, og med engasjement og iderikdom til å medverka til nye tiltak.
Det var Aasmund Mjeldheim som kom med framlegget om at TV2 burde plasserast i Bergen.
I eit intervju med Svein Tore Havre i Mål og Miljø i 2007 sa han at det mest minneverdige for ham i åra som fylkeskultursjef var den store markeringa på Moster på Bømlo i pinsen 1995 av kyrkja sitt 1.000-årsjubileum.
Han fortel vidare at han alltid har vore opptatt av nynorsken og sette tidleg i gang arbeid med å få eit nynorskteater i Hordaland. Han var også med på å få i gang Ole Bull-Akademiet på Voss, dansegruppa Carte Blanche, Nordsjøfartmuseet, operaverksemda i fylket og Skrivekunstakademiet.
Mjeldheim blei pensjonist frå 1. januar 2002.
Legg igjen en kommentar