Hjalmar Unneland – indianarane sin mann i Arna

Hjalmar Unneland blei fødd 24. februar 1908 som son av Anna Kristine og Sjur Unneland. Han døydde 25.november 1992, 84 år gamal.

Han arbeide i fargeriet på Janusfabrikken. Det blir fortalt om han at han sang dagen lang og var en mann full av historier. Han var ugift og kvar fredag gjekk han til Perabutikken og kjøpte blautkake til jentene på Janusfabrikken. Han køyrde motorsykkel.

I hagen på eigedomen hans Fjellheim, på vegen mellom Unneland og Osen, var det fullt av totempålar og indianarfigurar som han sjølv hadde skore ut i tre.

  • Eg har allltid hatt interesse for indianarkulturen og synes det er forferdeleg korleis dei kvite nybyggjarane i USA handsama indianarane, sa han I eit intervju med journalist Ole Leon Låstad i Bygdanytt. Intervjuet stod på trykk i Bygdanytt 17. juli 1984.

Hjalmar Unneland besøkte Amerika to gonger. Han var i USA i seks år frå 1926 til 1932 og livnæra seg med gardsarbeid, sagbruk og på jernbaneanlegg. I 1951 drog han til Canada og budde i ein indianarstamme i eit halvt år.

Det var som pensjonist at han begynte med utskjeringane. Det hende at barna som budde i nærleiken kom til han med teikeseriebladet  Sølvpilen og spurte om han kunne skjere ut indianarfigurar som dei hadde sett der.

Han fortel at det kom turistar frå India, Afrika, Amerika og andre stader for å sjå utskjeringane hans.

Hjalmar Unneland hadde sterke meingar om mykje. Han skreiv brev til leiarane i landet når det var noko han var oppteken av. Han skreiv brev til dåverande kong Olav, kronpris Harald og statsministrane Gro Harlem Brundtland og Odvar Nordli. Og han fekk svar frå alle. Han skreiv også brev til Kåre Willoch utan å få svar i første omgang. Då skreiv han eit nytt brev til Willoch og fortalde at han hadde fått svar frå dei andre. Då gjekk det ikkje lang tid før han fekk svar også frå Willoch.

Han skreiv også til den amerikanske presidenten Ronald Reagan for å klaga over korleis indianarane blei handsame. Men frå han kom det aldri noko svar.

Han gav også ut ei singelplate, der han framførde eigenkomponerte sangar.

Hjalmar hadde ikkje tv fordi han meinte at det gjorde folk sløve, avhengige og passive.

Evelyn Haldorsen skreiv på sosiale medium at det skulle ha vore ein byste av Hjalmar Unneland på Unneland.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

3 kommentarer til “Hjalmar Unneland – indianarane sin mann i Arna”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Så fantastisk og fint skreve.
    Husker og han kom innom på Arna kafé.
    Tøff mann med stor motorsykkel. Han var flink å fortelle.

  2. Lars Olve Hesjedal avatar
    Lars Olve Hesjedal

    Flott tekst om Hjalmar’en. Kven hugsar ikkje han? Eg meinar å hugsa han som ein høg, slank mann på 1,94 (eller noko slikt). Fantastisk hus og eventyrlege utskjeringar.

  3. Trond Frode Brekke avatar
    Trond Frode Brekke

    Min far sendte meg opp til Hjalmaren for å kjøpe en totempæle som han skulle ha i Hagen. Han var en hyggelig kar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *