Einar Tesdals dramatiske presteliv

I 1968 var det 117 konfirmantar i Arna kyrkje og sokneprest Einar Tesdal var åleine om alt arbeidet med konfirmantane. (Foto: Walter Øybø)

Einar Tesdal blei fødd 14. februar 1905 på Stord. Han døydde i 1979, 74 år gamal.

Han blei konfirmert i Stord kyrkje 21. september 1920 saman med mellom andre tvillingbroren Sverre. Våren 1925 starta han teologistudiet ved Universitetet i Oslo og var ferdig med praktikum i 1931. I dei tider var det vanskeleg for nye prestar å få arbeid og Einar gjekk utan arbeid i eit år. 13. januar 1933 blei han ordinert i Domkyrkja i Bergen av biskop Andreas Fleischer. Han blei då hjelpeprest i Herdla og Hjelme.

Herdla kyrkje var då pussa opp til 70-årsjubileet i 1933. Natt til 30. august 1934 brann kyrkja ned til grunnen. Det var løa på Herdla gard som tok fyr og brannen spreidde seg til kyrkja, som ligg like ved Herdla gard. 25. september 1935 blei den nyoppførte kyrkja vigsla på nytt.

Einar Tesdal likte religiøse folketonar og han konstaterte at dei var mindre i bruk etter som kyrkjene fekk musikkinstrument til bruk under gudstenestene. Han samla difor folketonar på lydband.

  • Det var ein tragedie i prestegarden i Indre Arna mange år seinare då to tenåringar som då ikkje skjøna verdien av dette, nytte lydbanda til opptak av popmusikk frå «Ti i skuddet», fortel Jon Tesdal.

I 1939 blei Einar Tesdal tilsett som lærar ved Bergen guttehjem på Garnes. Fleire guter han blei kjend med då, hadde han kontakt med livet ut. Han hadde ein open heim for folk som trong hjelp.

ANNONSEINNHOLD

Kristenquiz

av Audun Stølås

Nå kroner 90

Kristenquiz | FINN torget

1. januar 1941 tok han til som sokneprest i Herdla og Hjelme prestegjeld.

På Heggøy i Øygarden skjedde det 4. mai 1941 ei mineulukke som krev sju menneskeliv. Ei mine hadde reke på land og nokon prøvde å sprenge den med dynamitt. Det oppstod då eit hol i mina og dei trudde mina var uskadeleggjort og pirka borti mina. Då gjekk den av.

Tesdal forretta under minnestunda på Heggøy og på kyrkjegarden ved Herdla kyrke, der dei sju ligg ved sida av kvarandre.

Under krigen bygde tyskarane flyplassen som norske styresmaktar hadde lagt planer om. 27. desember 1941, i forkant av Måløyraidet, bomba 13 allierte fly Herdla for å hindre at tyske fly kom i lufta. Herdla var den kommunen i landet som mista flest ungdomar i høve til folketalet

Tyskarane stengde kyrkja.frå 6. juli 1941 og brukte den til stall og lager resten av krigen.

I 1948 blei Einar Tesdal gift med Solveig Førsund i Etne. Dei to hadde vore med i den same ungdomsflokken på Rygg. Dei fekk sønene Jon i 1949 og Ragnar i 1952.

  • Då stillinga som residerande kapellan i Haus blei lyst ledig i 1958 var det nok Solveig som ivra mest for flytting til Indre Arna, fortel Jon Tesdal. Foreldre hennar hadde slått seg ned der som pensjonistar.

I desember 1958 flytta familien inn i prestegarden. Frå 1960 til 1972 auka folketalet i Arna med 3.682 personar. Det skulle då vere tre prestar i Arna, men det var berre to. Det resulterte i eit stort arbeidspress på dei to.

Vinteren 1965-1966 fekk Tesdal problem med helsa. Han måtte fjerne eit auge og fekk problem med hjarte.

Frå 1. januar 1968 blei Arna utskilt som eige prestegjeld. Einar Tesdal blei første sokneprest med bustad i Indre Arna. Harald Hope var residerande kapellan med bustad i Ytre Arna.

Eit historisk bilete frå 1972: Olai Unneland (i midten) sluttar som medhjelpar i Arna kyrkje. Harald Hope (til høgre) reiser frå Arna til nytt embete på Bømlo seinare på året og Einar Tesdal (til venstre) sluttar som sokneprest i Arna året etter. (Foto: Jon Tesdal)

Våren 1968 var det 117 konfirmantar i Arna kyrkje. Soknepresten var åleine med alt konfirmantarbeidet. Frå våren 1969 begynte Harald Haugsvær i en 25 prosents stilling som kateket.

Einar Tesdal og Harald Hope likte vedhogst. Ein dag skulle dei innvie ein islending som var på vitjing i denne edle kunst. Dei skulle felle nokre store bjørketre i prestegarden i Indre Arna. Jon Tesdal fortel at då han var på veg heim såg han at det ikkje var elektrisk ljos i Arna handelslag. Det brente levande ljos ved kassen. Eit av dei store trea hadde falt på ei uventa måte.

Ingvar Fykse overtok som residerande kapellan i 1972.

Tesdal hadde sin avskildsgudsteneste 2. september 1973.

Ein dag i 1975 var han i Etne og sprang etter sauene. Han tok seg heilt ut, og då han kom inn i stova til Ingeborg, kona til tvillingbroren Sverre, uvita han i stolen. Ingeborg tappa iskaldt vatn på eit handkle og la over panna hans slik at han kvikna til. Seinare på Stord sjukehus sa dei at denne raske handlinga hennar truleg berga livet hans.

3. november 1979 skunda Tesdal seg til Samvirkelaget i Ådnamarka. Begge gutane hans var heime og han hadde det travelt. Etter at han hadde funne varene han skulle ha, sto han ved disken for å betale. Då seig han død om. Hjartet hadde stoppa.

Tre månader seinare feira tvillingbroren Sverre sin 75-årsdag. Under bilturen heim sovna han stille inn.

I jubileumsboka for Ytre Arna kyrkje 1899-1989 skreiv Arnold Nævdal at Einar Tesdal alltid var hjelpsam og gild mot kyrkjelyd og einskildmenneske.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

2 kommentarer til “Einar Tesdals dramatiske presteliv”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Fine minner med Einar Tesdal. Han vigde oss 9.3.63. Han oppdage fleire kjente frå Herdla.
    i kyrkja.Stoppa litt opp og tenkte. Hadde ein prat med dei etterpå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *