Foto: L. Szacinski/Wikimedia
Magdalena (Magda) Blanc blei fødd i Bergen 27. mars 1879 og døydde i Bergen 6. april 1959, 80 år gamal. Ho blei ei av dei største teaterprimadonnaer i Bergen i første halvdel av 1900-talet.
Faren, Adolf Kristian Henriksson Blanc, fødd 1840, var bankkasserar. Han var av italiensk ætt på farssida. Mora, Magdalena Hansina Thomsen var 19 år gamal då ho blei gift med Adolf. Familien budde i Kaigaten 22.
Magda vaks opp i Kaigaten ved Lille Lungegårdsvann. Det var også her ho debuterte som skodespelar då hennar eldre bror arrangerte teater med dei to og tok to øre i inngangspengar. Kilde: Teaterarkivet, UBB. (Protokoll: Fallt i det fri)
Magda blei sendt på kostskule i Paris og til song- og teaterstudier i Hamburg.
22 år gamal debuterte ho som skodespelar på Den Nationale Scene i Bergen i rolla som Agnete i stykket til Amalie Skram. Etter det var ho knytt til Den Nationale Scene i 40 år.
Magda var høg og mørk og hadde ei sterk og djup røyst, skreiv Sverre Hausberg i Mål og Miljø i 1995
Famiien hadde arva hytta i Arna. Ho låg ved Arnavågen. Det var eit gamalt hus bygd i 1812 og hadde naust og sjøgrunn. Hytta var langt på veg bygd av materiale som kom frå eit forlist skip. Den hadde fleire namn: Roligheden, Kruse-huset, Høyerup-huset, Blanca-huset. Hytta blei rive i 1960.
Det er fortalt at Gjest Bårdsen skal ha lege nokre netter i naustet og at han gøymde stolne sølvpengar i ei hole i Ramberget.
ANNONSEINNHALD
Islandsk husmor bortført av sjørøvere til arabisk harem
Av Audun Stølås
Kr. 90
Islandsk husmor bortført av sjørøvere til arabisk harem Bok av Audun Stølås | FINN torget
Magda var først gift med skodespelaren Henning Eriksen frå Bergen frå 1906. Ho fekk tre barn med han. Dei blei skild i 1915. I 1918 gifta ho seg med kapellmeister og komponist Sverre Jordan, også han frå Bergen. Dei blei skild i 1949.
Bjørn Ove Eliassen fortel i Mål og Miljø i 2016 at ho som skulle bli farmoren hans, Hjørdis Henriksen, blei tenestejente hos Magda. Han som blei min farfar, skriv Bjørn Ove, var i Amerika ei tid, og hadde tenkt å bli verande der. Men då faren hans blei sjuk, kom han heim og tok over garden. Snart blei han gift med Hjørdis. Magga måtte finna seg ei ny tenestejente. Men vennskapet mellom dei held fram heile livet. Då Elias kom til verda i 1923, sa Magda ja til å vere fadder. Men sidan ho var skild, sa presten nei til det.
Magda hadde ein kvit robåt som ho nytta mykje. Ho var aktiv i kultur- og foreiningslivet i Arna.
Sverre Jordan hadde hus på Sejersbjerget på Kalfaret og her budde Magda til sjefen hos Berstad kjøpte huset. Etter det hadde ho eit lite husvære i Berstad-bygget. Her fall ho på badet og blei stygt skadd
Magda Blanc blei tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og utnemnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden.
Frå 1954 fekk ho Statens kunstnarløn.
I ein usignert nekrolog frå 7. april 1959 skriv Aftenposten:
«Fru Blanc har tolket alle de store tragiske kvinneroller i Ibsens og Bjørnsons dramatikk, og en lang rekke lignende roller i verdens øvrige dramatiske diktning. Hun har også gitt festlig bredde til Holbergs skikkelser og har spilt mange lystspillskikkelser med underfundig humor. Men hun var først og fremst den store tragedienne, høy, slank og vakker og med en reisning på scenen som få hadde maken til.»
Magda Blanc er gravlagt på Ullern kyrkjegard i Oslo saman med sin dotter Magda Sontum, fødd Eriksen (1907-1990) og hennar mann, Herbert Sontum (1902-1976). At dottera budde i Oslo kan forklåre at ho er gravlagt der, og ikkje i Bergen, der ho budde heile livet.
Bjørn-Arvid Bagge har funnet fram fotoalbum med Magda Blanc fra teaterarkivet på Universitetsbiblioteket i Bergen:
Legg igjen en kommentar