Kolbein Hommedal – treskjerar

Kolbein Hommedal var fødd 22. februar 1917 på Sausjord på Vossestrand som son til Knut Henriksson Hommedal (1883-1922) og Maria Kolbeinsdotter Arntveit (1917-2010). Faren hadde kjøpt gard på Sausjord og budde der med kona og to barn.

2. juledag 1922 fekk han hornet til ein okse støytt inn i sida og han mista livet av skaden. Kolbein var då 6 år gamal. Moren mista to barn tidleg. Ho blei fratatt garden gjennom odel då mannen døydde. I 1932 kjøpte ho ein nedsliten gard i Holo i Holbygda på Vossestrand.

Vinteren 1937-38 gjekk Kolbein på trearbeidslina på Statens Husindustriskule på Festtangen i Ytre Arna. Etter at han kom heim att frå Festtangen bygde han hus på garden i Holbygda. Han kom attende til Indre Arna i 1942 og arbeide som møbelsnikkar i Døsvig sin møbelverkstad «Tre og stoff», som låg der Øyrane Torg ligg i dag.

Kolbein gifta seg i 1944 med Borgfrid Gjelsvik og busette seg i Arna. Dei budde i Seimsvegen 50.  I 1945 begynte han å skjera ut dyrefigurar. Han bygde seg ein eigen verkstad i 1963 og arbeide frå klokken 8 om morgonen til halv elleve om kvelden i 25 år. Kløvhest og geit var dei mest populære figurane. Særleg var det stor etterspørsel etter kløvhestar som gjekk oppover. Han laga også utskjeringar av kjende personar som sokneprest Einar Tesdal, stasjonsmeistar Ragnar Blomdal og Ola Mossafin som spelemann i ridande vossabryllup.

Kolbein heldt på med treskjeringa til han var 82 år gamal. Då fekk han grå stær og synet blei dårleg. Han fekk kulturprisar frå Hordaland fylke og Bergen kommune for sitt arbeid.

Kolbein Hommedal døydde i 2010, 93 år gamal.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Kolbein Hommedal – treskjerar”

  1. Gunda Kallestad avatar
    Gunda Kallestad

    Kolbein laga mykje fint til Haus Selvhjelpskontor/Norsk Husflid Engros.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *