Knut Thunestvedt (1884-1970) kom frå Ytre Arna og starta butikk på Haukeland. Mora hans kom frå Borge og var jordmor i Ytre Arna. Ho hadde ansvaret dei første åra. Men i 1906 var det Knut som overtok, berre 22 år gamal
Han blei gift med Bertha i 1906. Ho var frå Bratland. Dei fekk fire jenter og ein gut, Nils, som overtok butikken.
Knut starta Haukeland Songlag i 1920 og var første formann i laget.
Nils Thunestvedt hadde fast jobb i butikken etter at han avla eksamen på Fana gymnas i 1941. Han gifta seg med Edith, fødd Eilertsen i 1947. Dei fekk fire barn.
Butikken starta med bensinsal i 1925. I 1930 flytta dei inn i nytt hus.
Samvirkelaget starta verksemd på Haukeland frå 1920-åra. Dei to butikkane låg ved sida av kvarandre på same side av vegen. Kommunegrensa mellom Fana og Haus gjekk mellom dei to butikkane. Thunestvedt låg i Fana, der ølsal var tillatt og Samvirkelaget låg i Haus, der ølsal var forbode.
Thunestvedt hadde eige bakeri med bakar Husum som sjef. Han dreiv også med høns og førde nøye rekneskap med kor mykje kvar høna verpa. Han var også kommisjonær for Norsk Tipping.
ANNONSØRINNHALD
Ebok
Innbydelse til bryllup
kr. 87
Aksel Flåm er en av verdens beste hackere. Når han prøver å få kontroll over lotto-kulene blir russiske etterretning oppmerksom på ham og ønsker å dra nytte av hans ferdigheter.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/romaner/innbydelse-til-bryllup
Ein gong fekk Thunestvedt 10 kilo kaffe for mykje frå ein leverandør., fortel Bjørn Myhren i ein artikkel i Mål og Miljø i 2011. Nils ringte straks til leverandøren og fortalte om dette. Etter det ble det lenge stille i telefonen. Nils frykta at sambandet var brote og ropte: Hallo!
Eg er her, svarta leverandøren, men eg har reist meg, helsa deg med å løfte på hatten og bøyer meg i støvet, for dette har eg aldri opplevd før. Takk skal du ha for at du seier frå.
I 1988 blei butikken nedlagt.
Legg igjen en kommentar