Bildetekst: Ingeborg Johanna som ung sjukepleiar (Foto: Privat)
Ingeborg Johanna Mestad opplevde tre hundreår.
Ho blei fødd 15. november 1899 på garden Hauge i Langedalen. Faren var gardbrukar Jens Johannessen (fødd 1863) og mora Marthena Larsdatter (fødd 1867). Ho var nummer 5 i ein syskenflokk på 11. Ho utdanna seg til sjukepleiar på Bergen diakonisseheim. Ho arbeide nokre år som sjukepleiar i Florø og på Kysthospitalet Hagavik.
I 1936 gifta ho seg med Ola Mestad. Dei busette seg på Espeland, der Ola hadde dreieverkstad. Ingeborg var aktiv i misjonen og anna foreiningsliv.
Ola Mestad (Foto: Privat)
Ingeborg og Ola fekk tre søner. Kåre blei prest og gjekk av som prost i Alversund. Magne blei lærar og administrasjonsleiar på NLA i Bergen. Oddvar blei lege og var misjonslege i Kamerun for Det Norske Misjonsselskap (NMS) og overlege på Stavanger Universitetssjukehus.
Bildetekst: Sonen Magne Mestad (til høgre) i prat med Erling Mjelde. (Foto: Audun Stølås)
I Mål og Miljø for 2006 skreiv Evelyn Haldorsen at då ho var lita, såg ho på Ingeborg som ein av dei viktigaste personane i nærmiljøet sitt.
- Ho kunne brukast til alt. Viss nokon kjende seg sjuke, vart det sendt bod på Ingeborg. Ho hadde ei forunderleg evne til å spre ro og tryggleik rundt seg. Og ho visste råd for det meste, skreiv Evelyn.
Ho blei enke i 1961. Då tok ho seg jobb som nattevakt på Arna Helseheim fram til ho gjekk av for aldersgrensa då ho blei 70 år. Etter det budde ho heime i over 20 år før ho 92 år gamal fekk plass på Arna Helseheim. I 2009 blei ho kjend som superhundreåring – ein person som er over 110 år gamal.
Ingeborg på sine gamle dagar. (Foto: Privat)
Ingeborg døydde 5. juni 2010, 110 år og 202 dagar gamal.
Legg igjen en kommentar