Dagfinn Boge – lærar og fråhaldsleiar

Dagfinn Boge blei fødd 23. oktober 1936 i Kviteseid i Telemark med tvillingsbroren Ottar.

Faren deira, Ingolf Anderson Boge, var sokneprest i Fjell under krigen. Ingolf blei fødd i Bruvik 31. januar 1900. Han gifta seg i 1927 med Edith Møllerup, som var fødd i Grong i 1903. Frå 1927 var han residerende kapellan i Haus i ti år. I 1937 blei han sokneprest i Fjell.

Tyskarane kasta han og familien ut av prestegarden. Familien flytta då til Indre Arna, medan Ingolf fann seg anna husvære i Fjell og held fram prestetenesta. Etter ei tid flytta familien tilbake til Fjell. 1. september 1943 blei Ingolf arrestert av tyskarane.  Han blei sendt til Espeland fangeleir og her fekk familien møta han. Ingolf las då Fader Vår med familien. Han blei sendt til Grini og derfrå til Neuengamma leir utanfor Hamburg i Tyskland. Her døyde han 1. april 1944 av dobbel lungebetennelse.

Dagfinn og Ottar var seks år gamle då faren blei arrestert. Dei vaks opp med mora Edith og tre eldre søsken i Indre Arna.

Familien Boge i hagen i prestegarden i Fjell før krigen. Frå venstre: Einar, Edith med Dagfinn på fanget, Audun, Ingolf med Ottar på fanget, og Ingerid.

Både Dagfinn og Ottar gjekk på Voss gymnas og blei lærarar. Som nyutdanna lærar arbeide Dagfinn på Lone skule i nokre år. Så drog han austover. Dagfinn gifta seg med Margit på Lunner på Hadeland i 1965. Han kom tilbake til Arna som inspektør på Indre Arna skule før han blei rektor på Garnes barneskule.

Han var ein ihuga og konsekvent fråhaldsmann og ein eldsjel i lokalsamfunnet. Då Arna/Bergen Fråhaldslag fekk Kulturprisen i 2012, hadde han mykje av æra for det. Han var leiar for laget i 20 år. Dagfinn hadde også nasjonale verv i fråhaldsrørsla og var landsstyreleiar i DNTB i fleire periodar. Han blei tildelt Klostermedaljen for sin innsats for fråhaldssaka.

Han var også leiar i Folkeakademiet i fleire år og leiar for dansegruppa Me over 60 nokre år. Dagfinn var også fotballspelar og trenar.

Han leia arbeidet med boka om skulane i Arna. I Espeland fangeleir blei han nytte til å informera ungdom om krigen.

Dagfinn Boge døydde 11. juni 2016.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *