Astrid Solveig Aardal blei fødd 14. desember 1913. Ho vaks opp på Haukeland. Ho forsvann sporlaust laurdag 18. januar 1958. Ho var då 44 år gamal.
Astrid Solveig jobba ei tid på Janusfabrikken på Espeland. Ho utdanna seg til frisør og arbeidet i Sløks frisørsalong på Nesttun. Ho budde hjå ekteparet Else og Sigurd Hollekim, som forpakta garden Frønsdal i Skjoldskiftet i Fana. Om kveldane tok ho imot kundar i heimen.
Astrid hadde fortald at ho denne laurdagen skulle besøke ei venninne i Ytre Arna, før ho om søndagen skulle besøke familien, som budde ved Haukeland stasjon. Ho kom aldri til nokre av desse stadene.
Astrid Solveig Aardal har fått sitt minne på gravsteinen til ei eldre søster på kyrkjegarden ved Arna kyrkje. (Foto: Audun Stølås)
Laurdag 23. januar blei ho meldt sakna av Else Hollekim. Politiet handsama saka som ei forsvinningssak og la henne bort 8. april same år. Etter press frå familien til Astrid blei saka gjenopptatt av politiet fem år seinare. Denne gongen blei saka etterforska sin ei drapssak. Ein ny politiadvokat, Øystein Djuvik, leia då etterforskninga.
Ekteparet Hollekim var då separert. Sigurd Hollekim hadde mista jobben som forpaktar fordi han var for seint ute med å betale avgifta. Else hadde flytta saman med ein ny mann og Sigurd og den yngste av sønene deira måtte flytta inn i det same huset.
Då saka blei gjenopptatt tilstod Sigurd Hollekim 9. oktober 1963 drapet i politiavhør. Han fortalde politiet at han hadde gjeld til Astrid. Eit lån på 4.000 kroner forfell denne laurdagen 18. januar 1958 og han hadde ikkje pengar til å betale. Han fortalte at han fekk Astrid inn på låven under påskot av at ho skulle hjelpe han med å flytte ein balje og at han slo henne i hjel på låven med ein slegge. Han fortalte at han litt seinare brente henne ute på marka. Politiet trudde ikkje på denne brenninga. Hollekim endra då forklaring og sa at han hadde frakta liket til Flesland flyplass der han hadde vore med på å bygge ny rullebane. Han sa først at han hadde partert liket før han grov delane ned på rullebana. Seinare gjekk han frå dette med parteringa og sa at han hadde frakta liket til Flesland med hest og slede. I november 1963 blei store deler av den nye rullebana på Flesland gravd opp – utan å finne noko.
Ein bror av Astrid Solveig hadde drevet etterforskning på eige hand. Ein større pengesum som Astrid Solveig skulle ha spart opp for å kjøpe seg eigen frisørsalong, var sporlaust borte. Else Hollekim skal ha sagt til Astrid Solveig at ho hadde gode kontakter for investeriger i Amerika. Senere nekta Else Hollekim for at ho hadde mottatt penger av Astrid Solveig til slike investeringer.
Astrid Solveig Aardal hadde 706 kroner til gode hos Janus-fabrikken. Desse pengane skal ha blitt heva av ekteparet Hollekim.
Else Hollekim blei tiltalt for medverknad til drap. Ho nekta heile tida. Ho blei pågripen 12. oktober 1964. Sigurd Hollekin sat varetektsfengsla i 18 månader.
Sigurd Hollekim blei fødd på Tysnes i 1908. Han utdanna seg til agronom. Under krigen melde han seg inn i Nasjonal Samling og fekk ein bot for det på 500 kroner etter krigen.
Rettssaka starta 26. april 1965. Alf Nordhus var forsvarar for Sigurd Hollekim.
Under rettssaka kom det fram at ekteparet på det tidspunktet drapet skjedde hadde vore nedsylta i gjeld, trueg på grunn av fruen sitt høge forbruk til festing, klær og drosjer. Sigurd Hollekim hadde hatt tre jobber for å prøve å halde tritt med forbruket til Else. Han var forpaktar, anleggsarbeidar på Flesland flyplass og forsikringsagent. Vitner i saka omtala Sigurd Hollekim som ein hedersmann. Heilt annleis var det med omtalen av fruen. Ho festa ofte, gjerne med andre menn. Ein av dei blei omtala som «Kina-mannen», ein annan som «Japan-mannen».
Under rettssaka gjekk Alf Nordhus imot tilståinga til klienten sin og hevda at Hollekim hadde utvikla ei offerrolle der han tok på seg skulda for andre.
Retten frikjende både Hollekim og kona hans. Forsvarar for Else Hollekim var Tollef Backhoff Tollefsen. Han uttalte til Fanaposten i 1997 at han visste at sanninga om Hollekim-saka kom til å komma fram ein dag. Dei som hadde svara på drapsgåten hadde lova å fortelle før dei sjølv var borte.
Backhoff Tollefsen gjekk bort i 1999 utan at nokon hadde komme med opplysningar som kunne løyse drapsgåten.
Etter frifinninga kravde Else Hollekim erstatning for den lange tida i varetekt. Ho fekk 25.000 kroner, som tilsvarer om lag ein halv million med pengeverdien i dag. Sigurd Hollekim krevde ingenting og fekk ingenting.
Sigurd Hollekim gifta seg på nytt og flytta til Sørlandet. Han døydde i 1999, 91 år gamal.
Saka er framleis uløyst.
Legg igjen en kommentar