Olav Hagesæther: Prest i Arna under krigen

Bildetekst: Familien Hagesæther fotografert i Arna under krigen. Barna frå venstre: Karen, som blei sjukepleiarlærar, Anne Bente, som blei lege (på mors fang), den seinare biskop Ole på fanget til faren. Gunhild Hagesæther, seinare professor i pedagogikk på NLA i Bergen, lengst til høgre.

Olav Hagesæther var fødd 25. august 1909 i Bergen. Han døydde 7. mars 1999 i Stavanger. Han var son av fabrikkarbeidar Andreas Hagesæther (1880-1962) og Karen Sandvik, (f. 1882).

Han blei gift med Johanna Sophie Danbolt (1909-1999) i 1934. Ho var dotter av garverieiar Ole Dominicus Danielsen (1863-1941) og Gesine Gauslaa (1866-1964).

Olav avla teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1932. Han var kapellan i Arna under krigen, frå 1939 til 1945.

Før han kom til Arna hadde Olav vore lærar på folkehøgskulen på Frekhaug og lærar på bibelskulen til Indremisjonen.

Olav Hagesæther var også ein dyktig songar. I 1930-åra spelte han inn kristelege songar for His Master’s Voice.

I 1943 var det Grieg-jubileum og nazistane ville gi inntrykk av stor interesse for komponisten. Dei ba Arna Mannskor skipa til ein stor konsert i høve jubileet. Men koret svara kontant nei. I staden arrangerte dei ei «lukka» Grieg-konsert i Samhold til inntekt for guttemusikken. Koret framførte «Torø liti» og «Landkjenning» med Olav Hagesæther som solist.

Etter tida i Arna var han tilsett på sekretærskulen til Ungdomsforbundet og sokneprest i Rjukan frå 1949. Frå 1958 var han i 10 år sokneprest i Johanneskyrkja i Bergen.

Han var biskop i Stavanger frå 1968. Hagesæther gjekk av som biskop i 1976. Han døydde brått 7. mars 1999. Dagen etter jordfestinga på kyrkjegarden ved Hjelmås kapell, døydde Johanna Sophie. Dei ville begge ha fylt 90 år seinare det året.

Olav Hagesæther utga fleire bøker, mellom anna om norsk prekenhistorie frå reformasjonen til 1800-tallet.

Han gjesta Arna ved fredsjubileet i 1995. Kyrkjelydshuset var sprengfullt ved dette høvet.

  • Han var sprudlande både på preikestolen og under festsamkoma på Kyrkjelydshuset. Personar og hendingar sto tydeleg for han når han fortalde om hendingar og replikkar frå krigsåra. Ikkje minst var det ei oppleving å vera vitne til korleis han kjende folk att, og kunne knytte banda attende gjennom så mange år, skreiv prost Kjell Nese i Mål og Miljø i 1999.

Ole Danbolt Hagesæther. Son til Olav Hagesæther. Fødd i Indre Arna 3. oktober 1941. Biskop i Bjørgvin frå 1994 til 2008.

Hvis du vil høyra ein song av Olav Hagesæther, kan du gå inn på YouTube på lenka under:

Pastor Olav Hagesæther – Min bønnevrå – HMV AL 2311 – 1936 – YouTube


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Olav Hagesæther: Prest i Arna under krigen”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Så interessant å lese.
    Han döypte meg i Arna
    Kyrkje i 1944.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *