Gudrun Kolderup – første kvinne-lege i distrikt-Noreg

Søstrene Kolderup. Sissel til venstre. Gudrun til høyre

Bildetekst: Søstrene Solveig (til venstre) og Gudrun Kolderup var begge leger. Også Solveig var ei tid assistentlege for dr. Krohn i Ytre Arna.

Ho blei fødd 6. august 1871 i Kristiania. Gudrun Kolderup døydde plutselig og uventa under eit pasientbesøk på Garnes 13. juni 1931, nær 60 år gammel. Fabrikken i Ytre Arna stod stille den dagen ho blei gravlagt. Det stod 1100-1200 menneske utanfor heimen hennar for å følgje henne eit stykke til den siste kvilestaden.

Ho tok artium som privatist ved Kristiania katedralskule. Det var først i 1882 at kvinner fekk lov til å ta artium i Noreg. Dei første åra etter var det få kvinner som tok artium. Det var berre 13 kvinner i heile landet som to artium same år som Gudrun Kolderup.

Frå 1884 kunne kvinner studera ved universitetet. Gudrun studerte medisin og i 1897 blei ho den niande kvinna i landet som tok medisinsk embetseksamen. Etter eksamen hadde ho turnusteneste ved Bergen sjukehus.

ANNONSEINNHOLD

Kristenquiz

av Audun Stølås

Nå kroner 90

Kristenquiz | FINN torget

Gudrun kom til Ytre Arna i 1902 som assistentlege for dr. Krohn og tok over hans legepraksis då han døydde.

Faren hadde vore tollinspektør i Bergen og døyde i 1902. I to år etter det praktiserte ho som doktor i Bergen for å sjå til mora. Ei yngre søster, Solveig, blei også lege og var assistent hos dr. Krohn ei tid i 1903.

Då mora døyde i 1904 flytte Gudrun tilbake til Ytre Arna.

Ho blei leiar i Arna Sanitetsforening då foreninga blei stifta i 1909 og hadde dette vervet til ho døydde i 1931. Ho blei leiar for ei nemnd som heradsstyret i Haus sette ned for å få eit vassverk i Arna. Ho var aktiv i sangforeininga og musikklaget i Ytre Arna. Til Ytre Arna kyrkje ga ho ein alterduk og eit altermaleri. Dette altermaleriet stod i mange år i bedehuset i Ytre Arna, men er no flytta tilbake til Ytre Arna kyrkje.

Bildetekst: Altermåleriet som Gudrun Koldrup ga til Ytre Arna kyrkje i 1916. Måleriet stod i mange år i bedehuset i Ytre Arna, men er no flytta tilbake til Ytre Arna kyrkje. Måleriet er laga av kunstnaren Moritz Kaland (1869-1947), ifølge Asbjørn Åsgard.

Ho ga eit legat på 10.000 kroner til sanitetsforeninga. Ho ga også 10.000 kroner til tannrøkt for skulebarn i Haus. Ho ga også pengestønad mellom anna til Arna Folkebad.  Ho viste stor interesse for alt som kunne fremja folkehelsa.

Gudrun Kolderup er den einaste kvinna i Arna som har fått ein veg oppkalt etter seg.

Bildetekst: Gudrun Kolderup viste stor interesse for alt som kunne fremja folkehelsa.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

2 kommentarer til “Gudrun Kolderup – første kvinne-lege i distrikt-Noreg”

  1. Martin Risøy avatar
    Martin Risøy

    Altermåleriet er no flytta attende til Ytre-Arna kyrkje.

    1. Audun Stølås avatar

      Takk for det, Martin. Jeg retter opp.
      Hilse Audun

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *