Clive Scott blei fødd 10. mai 1933 i Malaysia av britiske foreldre. Han døydde 3. august 2015, 82 år gamal.

Claudia Scott, datter til Clive Scott, blei fødd i Newcastle 8. oktober 1957 og vaks opp på Espeland. Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia
Han vaks opp i India og Skottland. Han reiste halve jorda rundt som sjømann. Scott budde i Bergen frå 1960-åra til sin død.
Han arbeide på Janusfabrikken på Espeland. Ein dag blei han beden om å underhalda på eit arrangement på fabrikken. Dette blei starten på hans karriere som musikar. Han starta eit band der han fekk med seg fire lokale musikarar: Kjell Birkeland på gitar, Oddleiv Lygre på gitar, Ole Pedersen på bass og John Hjelle på trommer. Det blei til gruppa Clive Scott & The Skywegians.

ANNONSØRINNHALD
Ebok
Innbydelse til bryllup
kr. 87
Aksel Flåm er en av verdens beste hackere. Når han prøver å få kontroll over lotto-kulene blir russisk etterretning oppmerksom på ham og ønsker å dra nytte av hans ferdigheter.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/romaner/innbydelse-til-bryllup
Clive Scott & The Skywegians utga Noregs første countryalbum, «Best of Country & Western» i 1970. Plata blei innspelt i London. Dei drog på turneer i England og etter det fekk dei platekontrakt i Noreg. Det skjedde en del utskiftinger i bandet. Bare Kjel Birkeland blei framleis med. Harald Dyb kom inn på steelgitar, Helge Milde på trommer og Johannes Kleppevik på bass. Bandet var også starten på platekarrieren til Johannes Kleppevik. Han leverte 11 av dei 12 bidragene som ble innspilt på LP-en End of October i 1971.
Clive gifta seg med Marit og dei fekk barna Marita, Rolf og Claudia. Døtrene Claudia og Marita Scott var med som korjenter. Marit og Clive blei skild då Claudia var 21 år gamal. Dei fann begge kjærleiken igjen på kvar si kant. Clive Scott gifta seg med sin ungdoms kjæraste i Malaysia. I 2002 skreiv han bok om sitt eventyrlege liv, «Locking Back». Scott var også ein habil kunstmålar.
Hvis du vil høyre ein song av Clive Scott & The Skywegians kan du gå inn på YouTube på lenka under:
Clive Scott & The Skywegians – I’ll Lay It On The Line – YouTube
Legg igjen en kommentar