Anton Stephan Stephansen blei fødd 4. juni 1845 på Tollbodalmenning i Bergen. Faren var skipper Peter Martinius Stephansen frå garden Blindheim i Borgund prestegjeld på Sunnmøre. Familen hans hadde slektsnamnet Steffensen, men då Peter blei skipper endra han det til Stephansen. Mora var Ellen Katarine, fødd Hansen
I åtte år arbeide han i manufakturforretninga til Peter Jebsen i Bergen. Seinare var han selgjar for fabrikken i Ytre Arna. I 1870 starta han eigen butikk på hjørnet mellom Strandgaten og Smørsalmenning.
Janusfabrikken på Espeland etablert 25. mars 1895 under namnet Espelandfos Spinderi & Tricotagefabrikk.
«Etter den tids målestokk var han då ein eldre mann på 50 år. Det var heilt uvanleg at nokon i ein slik alder hadde mot til å setja familien sin på spel med å starta ein heilt ny verksemd», skriv Gunnar Stephansen, barnebarnet hans i ein artikkel i Mål og Miljø.
«På den tida var det ikkje eit einaste hus på Espeland, ikkje eit tre ein gong, berre lyng og brake,» skriv Gunnar Stephansen.
Stephansen hadde kjøpt Espelandsfossen og sju mål utmark for 1.600 kroner av Nils Espeland.
Jernbanelina på Vossebana låg 30 meter frå fabrikken. Men i starten stoppa ikkje toget her og både råvarer og ferdige produkt måtte fraktast til og frå Haukeland togstasjon med hest og vogn eller med handkjerre. Stephansen fekk etter harde tingingar med jernbanestyret ei ordning der toget stansa morgon og kveld. Då hadde han måtte byggja sidespor og pakkbod og løna ekspeditør. Fabrikken var i Stephansen-familien sitt eige til 1992 til nye eigarar som etablerte selskapet Janus Holding AS og i 1994 Janus-fabrikken AS.
ANNONSØRINNHALD
Ebok Kr. 49
En gruppe nynazister fra Tyskland lurer seg til å få leie lokaler i Espeland fangeleir. Handlingen foregår ellers i Janusfabrikken og ikke minst i Espelandshallen der bønder fra Langedalen setter tingene på plass.
https://ebok.no/eboker/krim/mokkasprederne-audun-stolas-9788293138136/
Anton gifta seg 9. mars 1871 med Gerche Reimers Jahn. Ho var fødd 2. oktober 1848. Ho døyde 9. mai 1935, 87 år gamal. Far til Gerche var meklar Otto Georg Jahn. Moren var Mary Ann Elizabeth, født Lockwood. Gerche og Anton hadde vakse opp i same nabolag
Gerche og Anton fekk sju barn. Den eldste var Mary Ann Elizabeth (Betzy) Stephansen, fødd 10. mars 1872 i Bergen, død 23. februar 1961 på Espeland. Ho blei den første norske kvinne som tok doktorgrad. Ho studerte matematikk i Zurich i Sveits og avla doktorgraden i matematikk i 1902 ved Universitetet i Zurich. Dette skjedde eit år før noko universitet i Noreg ga doktorgrad til ei kvinne. I 1921 blei ho assistent og seinare dosent i matematikk og fysikk ved Noregs Landbrukshøgskule på Ås. Ho held fram i denne stillinga til ho i 1937 gjekk av med pensjon og flyttet til Espeland der hennar yngste søster Gerda budde. Det skulle gå 49 år før den neste norske kvinne fekk doktorgrad i matematikk.
Under andre verdskrigen gjorde hun, med sin flytande tysk, mykje for dei norske fangane på Espeland. For sin innsats blei ho etter krigen tildelt Kongens fortenstemedalje.
Ho blei aldri gift, men ifølge ei niese var ho forlova tre gonger.
Dei andre barna til Gerche og Anton var Anton Stephansen, Signe Stephansen (fødd 25. oktober 1877, død 23. desember 1882), Otto Jahn Stephansen (fødd 2. september 1880, død 11. mai 1973, Gudrun Von Ubish, Gerda Stephansen (14. februar 1884, død 2. januar 1973) og Ellen Kathrine Schmies (født 21. november 1973, død 9. august 1936).
Otto Jahn Stephansen var gift med Kari Borge.
I 1919 overlet Anton leiinga av fabrikken til sine to søner, Anton Stephansen og Otto Jahn Stephansen. Han var likevel styreleiar fram til 1927.
Han døydde 20 mars 1929, 83 år gamal. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull. Ein veg på Espeland er oppkalla etter han. Kvar søndag var han å sjå i Arna kyrkje.
Seinare var det dei to eldste sønene til Otto Jahn Stephansen, Øivinn Borge Stephansen (fødd 17. august 1913, død 3. mai 2006) og Gunnar Stephansen (fødd 13. desember 1914, død 20. mars 2007) som overtok leiinga av fabrikken.
Øivinn gifta seg med Sissel Koefoed 23. april 1938. Ho var fødd 5. oktober 1913 på Paradis i Fana. Gunnar gifta seg 1. oktober 1938 med Clara Aaland. Ho var fødd 8. april 1912 i Arna. Dei fekk sju barn.
Barn og barnebarn av fabrikkgunnleggar Anton eigde fabrikken fram til 1992. Då overtok fabrikksjef Harald Flatebø og marknadssjef Vebjørn Vangen som eigarar.
Vebjørn Vangen var då administrerande direktør.
I 2011 blei dei to familiene einige om at Vangen-familien skulle overta alle aksjene. Janne Vangen Solheim blei konsernsjef. Marknadsdirektør Arne Fonneland blei administreande direktør.
Fabrikken er i dag en av dei leiande produsentar av ullundertøy i Europa. På det meste (1966) arbeidet 600 personar ved fabrikken. I dag er fabrikken del av Odlo-konsernet, som er eigd av investeringsselskapet Monte Rosa Capital, som igjen er eigd av Hugo Maurstad.
På grunn av sjukdom har Arne Fonneland gått av som administrerande direktør. Cathrine Stange er ny administrerende direktør ved Janus-fabrikken.
Legg igjen en kommentar