Peter Jebsen – fabrikkgrunnleggar, skipsreiar, politikar og far til 24 barn

Bildetekst: Dei tre Jebsen-brørne i Ytre Arna. Frå venstre: Johan, Peter og Jürg.

Peter Jebsen blei fødd 6. mai 1824 på garden Måling i Broager kommune i Danmark. Han døydde 29. oktober 1892 i Bergen, 68 år gamal. Faren var Jens Jebsen, bonde og seinare gjestgjevar og høkar.

15 år gamal kom han i lære i kolonial- og manufakturforretninga til ein eldre bror. Han kom til Bergen i 1843, 19 år gamal. Peter blei tidleg klar over den verknad vasskrafta kunne få for industribygginga i landet. Krafta måtte produserast på staden. Den kunne ikkje transporterast over lange sterkningar, slik det skjer i dag.

Ein søndag la han ut på tur frå Bergen over Borgaskaret ned til Indre Arna. Denne søndagsturen førte til at han i 1844, som 20-åring, kjøpte Blindheimselva. Det blir fortalt at bøndene i Ytre Arna var i kyrkja i Haus då Peter Jensen kom til Ytre Arna. Han venta på at dei kom heim att og der og då vart dei samde. Papiret med avtalen blei lagt på ryggen til ein av bøndene og Jebsen skreiv under. Så blei papiret lagt på ryggen til Jebsen og bøndene skreiv under. Dette blei starten på industrieventyret i Ytre Arna. Før dette var det fem gardar i Ytre Arna.

ANNONSØRINNHALD

Ebok
Leketøyfabrikken

kr. 48

På det fredelige industristedet Ytre Arna begynner det å skje ting som bærer signaturen til terroristorganisasjonen IS.

https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/krimboker/leketoyfabrikken

I dei næraste åra reise Jebsen rundt i fleire land i Europa og lærte seg tekstilproduksjon. I Manchester i England kjøpte han dei første vevstolane som han fekk frakta til Ytre Arna.

Fabrikken i Ytre Arna blei starta i 1846. Verksemda blei stadig utvida. I 1849 kom eit spinneri og i 1850 eit fargeri. I 1863 tok Peter to brør opp i sitt firma, som etter det fekk namnet Peter Jebsen & Co.. I 1878 blei verksemda overdratt til A/S Arne Fabrikker

Peter Jebsen blei først gift med Anna Uthus. Det skjedde 9. oktober 1853 i Manchester. Han fekk 13 barn med henne. Anna var fødd på Voss 27. februar 1829 som dotter av bonde Lars Torkildsen Uthus, handelsmann frå Hol i Hallingdal og Ingeborg Iversdatter. Lars kjøpte garden Stuarjo på Voss. Seinare kjøpte han ein gard i Mjeldalen på Osterøy. Anna døyde 7. august 1870.

Med sin andre kone, Sophia Catharina, født Sundt, fekk Peter ti barn. Sophia var dotter til kjøpmann Christian Gerhard Ameln Sundt (1816-1901). Peter blei gift med Sophia  2. mai 1871. Sophia blei født 12. september 1849. Ho døyde 14. mars 1912, 62 år gamal.

Parti frå Hausvigen, Osterøen ved Bergen. Fabrikkeigar Peter Jebsen med familie. Til høgre Sophie Sundt som var guvernante (datter av C. Sundt). Foto: Knud Knudsen. Kilde: Marcus. Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen. (Trykk på første del av bildeteksten – Parti frå Hausvigen – så får du eit større bilde)

Peter Jebsen flyttet til Bergen i 1864. Da hadde han allerede begynt å engasjere seg i skipsfart. Han blei tilsett som direktør i Det Bergenske Dampskibsselskap (BDS). Dette selskapet var då i ferd med å dovna hen, men Peter Jebsen fekk raskt brakt det opp på nye høgder.  I 1870 ble han styreformann i selskapet og hadde det vervet til sin død i 1892. I løpet av disse åra auka BDS sin verksemd frå fire til 17 skip. Han sette i gang rutefart på Nord-Noreg.

I tillegg dreiv Peter Jebsen det stort i skipsfart for eiga rekning. Det var vanleg for rike forretningsfolk på denne tida at dei investerte ledig kapital i partar i skip I 1868 hadde Jebsen partar i 55 seglskip. Men han såg at dampdrifta kom meir og meir. Då han døydde i 1892 hadde han part i 76 dampskip og åtte seglskip.

Peter Jebsen sette i gang nye ruter med norske dampskip i Amerika og Asia. Han frakta muslimske pilegrimar frå India til Mekka.

Peter blei den rikaste skipsreiar i Bergen, og sannsynlegvis også den rikaste skipsreiar i Noreg. Han engasjerte seg økonomisk også på andre områder, som gruvedrift i ulike selskap, såpefabrikk, borsyrefarikk, jodfabrikk, glassverk og gassverk.

Peter Jebsen blir rekna for å vere mannen bak bygginga av Vossebana. Han sat på Stortinget i to periodar, 1874-1876 og 1880-1882. Det var i denne første perioden saka om Vossebana blei handsama. Peter Jebsen gjennomførde ei omfattande korridorpolitikken  og 9. juni 1875 kunne han konstatera at 61 stemte for og 44 imot bygginga av Vossebana.

Han var ordførar i Haus frå 1861 til 1864 og sat i formannskapet i Bergen frå 1865 til 1872. Han sat i bystyret i Bergen til sin død.

På slutten av 1870-åra ønsker Peter Jebsen at sonen Peter skulle gå inn i leiinga ved fabrikken. Dei to brørne hans gjekk imot det. Denne usemja førde til at tre nye fabrikkar blei starta. Peter Jebsen grunnla Dale Fabrikker i 1879. Johan starta Trengereid Fabrikker i 1895. Jürg reiste austover og ville starta fabrikk ved Akerselva. Det synes å vera ein tilfeldigheit at han kom til å overnatta på Berger gard i Vestfold. Han fekk greie på at bonden nyleg var død og at enka ville selja garden. Han kjøpte då garden med elva som renn frå Blandevatnet og ned i fjorden. Etter det skipa sonen hans Jens firmaet Jens J. Jebsen & Co. Jens var då 21 år gamal. Berger Ullvarefabrikk kom i drift i juli 1881.

Arne Fabrikker var i drift som selskap fram til 1997. Men dei siste tiåra var det blitt eit lite selskap som sleit.

Peter døydde 29. oktober 1892, 68 år gamal.

I boka «Fabrikkstaden Ytre Arna 1846-1946» skreiv M. R. Revheim at Peter Jebsen var ein sjølvlærd mann.

«Han hadde eit genialt syn på praktisk verksemd, og med ukuande energi tok han fat på dei oppgåver han hadde sett seg. Han var seig og uthaldande og gav seg ikkje fyr han hadde vunne over vanskane», skreiv Revheim.

«Gamle folk i Arna hev elles skildra han soleis: Han var ikkje meir enn medels høg, men velbygd. Han var rask i alle sine rørslor, gjekk alltid fort, so det såg ut til at han hadde det travelt. Ein fekk inntrykk av at  det var ein drivande kar, eit rivjern. Han kunne vera noko oppfarande, men vart snart blid att. Han var ofte skjemtfull og hadde sans for det humoristiske. Både millom arbeidarane og millom folk elles i bygda vann han seg snart både tiltru og vyrdnad. «Når Jebsen bad om noko, so gjorde me det alltid, same kva det var», sa ein gamal arbeidar.

«Det må segjast å vera reint genialt at ein mann i 20-årsalderen kunde makta so mykje som Peter Jebsen gjorde då han var i den alderen. Han var som ein eventyrskapnad med ei underleg evna til å få alt han rørde ved til å veksa og trivast. Difor hev han og sett folkefantasien i sving, so det hev laga seg mange sogor både om mannen og verket han», skreiv Revheim


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *