Hans Kristian Gartner: «Baronen på Haugland»

Hans Kristian Gartner blei fødd i Trondheim 12. oktober 1680 og døydde i Bergen 2. april 1772

I 1718 kom ein rik mann av tysk ætt til Haugland og kjøpte hele bygda, fortel Bergens Tidende. Han kjøpte Gaupås i 1720 og halve Breisteinslia i 1727. Det blei sagt at han eide 99 garder, men at han ville ha hovudsetet sitt på Haugland.  Hans Kristian Gartner var 37 år gamal då han i 1718 kjøpte Haugland. Han arbeide på byskrivarkontoret i Bergen og blei seinare justisråd. Han var gift med Abelone Lem. Dei to hadde dottera Chatarina Johanne og ein son som døydde i ung alder. Dottera Chatarina var sjuk og pleietrengjande. Hun døyde to år etter faren.

Gartners fullmektig, Didrik Adolf Justson Von Ely var fødd i Stavanger 1. november 1745 og døydde 9. mars 1821 på Haugland, 70 år gamal. Han overtok eigedomane på Haugland. Han gifta seg med Anna Catharina Wiggers. Også han blei på folkemunne titulert som «Baronen på Haugland». Han og kona levde over evne og måtte selge eigedomar.  


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *